Den første søndagen min her på Island kjøpte eg meg ei jakke på Kolaportid, det store loppamarkedet som kvar helg er å finne i eit digert bygg på hamna. Jakka var diger, sydpol-ekspedisjon-heit, og med ein ufin, men god pelskant på hetta og på ermene. Overkommelege 150 kr måtte eg ut med. Eg vart raskt svært glad i den jakka. Sjølv om det ikkje er noko snø her, er det ganske kaldt, og til tider mykje vind. Sidan eg kjøpte jakka, har eg berre knappa hetta gøtt igjen og fryda meg over å vere heit og god heile tida.
I går dødde denne jakka. Først skada ho glidelåsen sin, og deretter vart ho kidnappa vekk frå sin eigar på danseplassen Karamba, og sannsynlegvis drept, når ugjerningsmannen (eller sannsynlegvis -dama) i dag "tidleg" sannsynlegvis fann ut at jakka nok har sett sine betre dagar, og ikkje lenger var brukande til noko anna enn å halde ein nokonlunde varm på heimveg klokka halv seks om natta.
På tross av sin skade kunne jakka fått eit godt liv med meg. Eg kunne kjøpt ny glidelås, mamma kunne sydd den på, og kanskje sydd jakka litt inn også. (Flinke Mammaen min, gratulera med morsdagen, forresten!). Eg kunne hatt jakka i mange år, og fryda meg mange gonger både på grunn av varmen og på grunn av minna frå Island. No er ikkje det lenger noko alternativ. Jakka er død. Borte. Det er litt trist i grunn.
I morgon kan me halde gravøl for jakka. Me gløymde liksom litt av det i dag på mødrene og dei forelska sin dag. Men i morgon altså. Den fortener det, den som har heldt deg varm i to heile veker.
SvarSlett