Vi bur 200 meter frå det eldste badehuset i Reykjavik, som etter det eg har skjønt er eit av dei få som har dei heite pottene sine utandørs, på ein slags terrasse. Heit potte 1 held 39 grader og er svært behageleg sjølv om det nesten er minusgrader i lufta elles. Her kan ein holde ut betydeleg lengre enn dei anbefalte 15 minuttane. Heit potte 2 er derimot 42 grader, og rimeleg uutholdeleg i meir enn 10 minutt, sjølv om vinden piskar i fjeset. Vi har så langt bada to gonger, ein gong i opplett ver, og i dag i ganske så heftig vind. På fredag såg vi tendensar til "old man soup" som skildra i guideboka. I dag, på sjølvaste Valentinsdagen, var tendensen heller mange par.
Inne i badehuset er det to symjebasseng, eit lite til barn og ballbruk, og eit stort eit, til blant anna meg og den gamle mannen som såg ut som han helt på å drukne når han sumde crawl. Temperaturen her inne er nett høveleg, og det er svært godt å ha litt normal temperatur innimellom iskaldt og altfor hett. I dampbadet (42 grader) følest det nesten som om kjøtet løsnar frå beina. Men det kan vere litt herleg det også, til dømes ein fredag, etter ei lang og hard veke, eller ein søndag, etter ei lang og hard helg...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar