Nett no sit eg på rommet mitt i Reykjavik. Det er eit dobbeltrom i eit studenthus tilhøyrande Hotel Floki, like ved Hallgrimskyrkja. Rommet deler eg med Kristi, som er eit hyggeleg og underfundig tøft og søtt lite vesen frå Sunnmøre. Ho går i klassa mi på musikklinja på høgskulen, og er omtrent like sliten som meg etter oppgåveskrivinga. Eigentleg hadde vi tenkt å tilbringe kvelden i "heitur pottur", Island sin store spesialitet i tillegg til strikkagensarar, tørrfisk og sær musikk.
Planen var god. Eg hadde fått lapp om at badedrakta mi hadde nådd Island, tre dagar etter at min kjære mann sende den frå Bergen. Dermed la eg og Kristi ut på ekspedisjon til hentestaden som sjølvsagt ikkje var der vi likevel skulle for å levere oppgåva, men derimot rimeleg langt ute i gokk, der ingen bussar gjekk direkte. Til slutt fann vi likevel fram, eg fekk ut pakken sjølv om eg hadde rota vekk hentelappen, og så fekk vi skyss til Kringlan kjøpesenter av ein hyggeleg islandsk mann som vi spurte om veien. Der vart vi verande litt for mange timar og brukte litt for mykje pengar; Kristi kjøpte jakker, og eg kjøpte gråe nyttige ting og ein psycokjole.
Etter endt shopping og for å feire oppgåvefri, kjøpte vi ein islandsk McFlurry-variant som viste seg å vere gigantisk, sjølv om vi bestilte minste sort. Kjøpt er kjøpt, og is er is, og vi åt i vei. Ein kan jo ikkje kaste mat, iallfall ikkje mat som består av is og tre sortar snop og som vi definitivt fortener etter å ha jobba dobbelt i to veker. Dermed vart eg lettare kvalm, medan Kristi fekk rimeleg heftig mageknip. Vi klarte så vidt å kreke oss tilbake til Skeggjagata 6, der vi inntok vassrett posisjon før vi innsåg at vi ikkje hadde mat, og at vi definitivt trengte middag.
Dermed var det berre å traske av garde til nærbutikken, Bonus, som ligg eit kvarter unna og får inn grønnsaker og frukt berre ein gong i veka. Og det var tydelegvis i dag. Paprika overalt, og for ein gongs skuld mulig å kjøpe gulrot (Det var det visst ikkje ein time seinare, når Signe som vi bur med prøvde..). Vi vart i overkant mette av middagen og innsåg at vi derfor måtte vente med å bade. For det har vi lært når vi var små; at det ikkje er forsvarleg å bade på mett mage. Så det faktum at badestampen borti gata her sikkert berre er ein meter djup og at det er meininga ein skal forholde seg i ro, hjalp ikkje noko særleg. Vi var dessutan litt usikre på når det stengte, og Janne som vi bur med, og som veit sånt, var ikkje komen heim enno, og vi turde/orka ikkje å gå bort og sjekke. Vi berre antok at badet sikkert stenge nokså tidleg, til liks med alt anna her i landet. Ein kan jo ikkje stresse på sitt første forsøk på islandsk badestamp, så derfor forheldt vi oss rolege og slo oss til ro på rommet. Men i morgon skal vi. Det blir steikje bra. Eller forhåpentlegvis er det ikkje så heitt (..haha... Og eigentleg burde det vel vore koke..)
Vi er veldig heldige som har dumpa inn her hjå Signe og Janne. Signe er forresten frå Latvia, og Janne er frå Finland. Janne er med andre ord ein gut. Begge to er veldig hyggelege, og har invitert oss med på alt mogeleg sidan første dagen vi kom hit. Eg nemner: Nordlys-jakt med Signe og Floki 2 (det andre studenthuset) måndag. Vi gjekk til landemerket Perlan, men såg ikkje eit einaste lite bleikt nordlys. Tysdag tok Janne oss med på kino i Universitetskinoen. Vi såg "Avatar" i 3D, og når vi kom ut etter filmen, såg vi eit einaste lite bleikt nordlys. Både Janne og Signe er sosiale og sporty, og vi har vore på konsert og utvekslingsstudentfest, og i klatrevegg (det er framleis ilt å hoste eller å le). Folk i musikklassa vår har teke oss med på konsert, matematikklærarane inviterte til fest på matematikkens dag, og buddyane våre er koselege folk, dei også. Vi har det med andre ord veldig fint her, og har faktisk klart å oppleve ein heil del allereie, sjølv om vi har skrive oppgåve/prøvd å skrive oppgåve ca fem timar om dagen og hatt mattetimar på islandsk ca 4 timar om dagen.
Godt oppsummert:) Eg ser fram til fortsetjinga. Men no; kom lat oss gå til badestampen.
SvarSlettDet høres ut som om dere koser dere masse! :)
SvarSlettMå si jeg misunner heitur pottur ein hel del. Vi har til gjengjeld svømmebasseng på skolen, men mangler stadig badedrakt :p
Hvordan går matematikken på Islandsk? Henger dere med? Tipper det er hakket værre enn på dansk (men bare litt).
Ha en finfin helg, jenter :)
Nå skal vi på fest på skolen. Det er visstnok en ukentlig begivenhet, og de selger til og med øl i kantina.. ;)
Klem fra Køben