mandag 15. februar 2010

Oppsummert helg

Her er eit utval fine ting vi har opplevd i helga, i tillegg til heitur pottur og dansing på Karamba.

Fredag:

Dukkeballett på Nasjonalmuseet. Sjå Kristi sin blogg for nærmare skildring og vakre bilete!

"PELbO"-konsert på Nordic house. Fantastisk! Vakker stemme, tøff stemme, heftige trommer og noko so sjeldent som hardrock-tuba. Absolutt vanvittig stilig! Dei er faktisk frå Norge, og gjev ut CD i mars. Eg gledar meg!

Laurdag:

Tok i bruk mitt nye kamera! Smil!

Sushi med Annca, Kristi si venninne, på "The Sushi Train", der maten kjem på samleband og ein kan velje og vrake blant mange ulike smakar og tallerk-fargar (sistnemnte indikerer pris).

Heimelaga superpizza hjå Ösp, vår nye venninne frå musikk-klassa. Retteleg heimekoseleg leilighet rett ved Hallgrimskyrkjan. Bilder og historier frå Nord-Island, Ulvestadbygda og Hyen.

Konsert med "Band-On-Stage" på Café Rosenberg. Dette var andre gongen vi var på Rosenberg med Ösp, og vi har vore svært tilfreds begge gongane: Rågode syngedamer, gode gamle songar, dyktige instrumentalistar og generelt veldig behageleg stemning. Anbefalast på det sterkaste.

"Den fantastiske eventyrfilmen" "Lightning Thief" og "jazz"-duoen "Plop" må folk derimot holde seg langt unna. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar