mandag 22. februar 2010

Turistar og studentar

Denne veka har vore svært innhaldsrik. Vi har opplevd mykje, både som musikkstudentar, utvekslingsstudentar og som turistar. Her kjem nokre highlights.

Tysdag fekk musikklassa besøk av islandske folkemusikarar, og vi fekk vere med og jamme på harpe, langeleik, song og islandsk fele i 4/4 - 3/4 - 4/4 -2/4-takt. Seinare på kvelden tok to av musikkstudentane, Hildur og Ösp, oss med på Café Rosenberg (igjen) for å høyre gamle islandske slagerar, blant anna omsett frå norske slagerar.

I helga var vi sikkeleg turistar. Fredag reiste vi til Den blå lagune med Reykjavik Excursions. Vi leigde fine store badekåper og tok store mengder gratis balsam oppi håret. Det må ein visst gjere for å unngå at det blir stivt av all kalken. Vi knytta badekåpene fast i kvarandre når vi hengte dei frå oss, og tusla så ut pingleveien (nedi det varme vatnet før ein opnar døra ut i kulda). Det var begynnande snøstorm, og svært kaldt på øyra, så vi gav fort opp alle forsøk på å holde hovudet over vatnet. Betre å redde øyra frå frostskader enn å redde håret frå Karius og Baktus-style. Eg køyrer uansett tanntroll-varianten for tida, så det gjer ikkje så mykje frå eller til for min del... På tross av sterk vind og snøfnugg i lufta , var den blå lagune ein opplevelse som absolutt kan anbefalast på det varmaste. Vi var uti i to timar, klaska helsebringande gjørme i fjeset (og litt i auger og munn..!), fann ei fin grotte der vi døste i ein halvtime, sømde rundt og utforska heile badeområdet, og tok lett på at badekåpene våre forsvant. Etterpå feira vi gjebussen til Kristi si mamma med å ete god og stor middag i Restaurant Lava.

Om kvelden var vi på Emiliana Torrini-konsert. Både musikken og lysshowet var tøft.

Laurdag pakka vi mange instrument og meg inn i ein leigd varebil og køyrde til universitetet sin hovudbygning. Det var Universitetsdag, og musikklærarlinja skulle ha stand og overtale vidaregåandeskuleelevar til å bli musikklærarar. Vi spelte "Under the sea", på bongotrommer, xylofonar og alt muleg av rytmeinstrument (vibraslap er tøøøfft!), og heimelaga islandsk blues. Eg spelte trommer! Det var kjekt!

Seinare på dagen var vi på Island sin største uteplass (som ikkje akkurat var veldig stor..) for å høyre bandet til Skúli i klassa vår, Dikta. Det er tydelegvis eit av dei store banda her, og eg vil altså berre bemerke at vi spelte med han tidlegare på dagen... 

Søndag var den verkeleg store turistdagen. Gunnur i matematikklassa vår tilbydde seg å køyre oss The Golden Circle, dvs Geysir, Gullfoss og Tingvellir. Vi var kjempeglade for tilbudet og takka ja. Dermed la vi ut på roadtrip 10-18 med Gunnur, mannen hennar, Atle, og den eitt år gamle, nydelege dottera hennar, Anita. Første stopp var eit digert krater. 

Andre stopp var lunsj i det fantastiske sommarhuset til foreldra til Gunnur. Vafler og kakao og norsk flagg i glaskarmen og kubbelys med norske flagg på bordet. Ja, dei har budd i Norge. I tre år. Hytta heiter Kringsjå, og vi er invitert attende neste gong vi er på Island. Herlege folk!!

Etter lunsj gjekk turen til Geysir, eller eigentleg geysiren Strokkur, som eg fanga i svevet.  

Mektige Gullfoss låg like ved. Der var det svært kaldt.

Etterpå køyrde vi til Tingvellir og tok bilde av landskap, steinar, Lovberget og hølen der dei drukna trulause kvinnfolk, Drekkingahylur. Men babybilder er søtare. 

Utanom dette har vi hatt musikk- og mattetimar, og sett diverse filmar og OL saman med finnar, latviarar, tyskarar og nordmenn. Koseleg! Kjem til å sakne folka når vi reiser heim att om berre ei veke... Får prøve å nytte veka så godt vi berre kan!

1 kommentar:

  1. Og alt dette er over no. Snufs. Eg gret litt på innsida kvar dag. Men eg trøystar meg med at eg skal tilbake. Ein vakker dag. Me snakkast måndag.

    SvarSlett