mandag 15. februar 2010

Ein vanleg dag i Reykjavik

I dag har vi har hatt time i "Matematikk for dei yngste elevane i grunnskulen". Geometri. Det var kjekt. På bildet kan du sjå dei fine tinga vi laga av papir;  ved hjelp av bretting, klipping og liming. Vi leika også med treklossar, bygde by. Dersom ein skal bruke fire klossar per hus, og ingen av husa skal vere like, kor mange hus kan ein lage då?

Eg bygde også ei borg, med fire tårn:-)

Kvelden har vi tilbrakt på Café Babalu, der vi drakk kakao og spelte Scrabble og "Idioten". Scrabble på engelsk er ei ny oppleving, men det funka absolutt. "Idioten" var eit fint påskudd til å trøste-ete sukkulaði-kake. 

Hallgrimskyrkjan by night. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar