fredag 5. februar 2010

Ver no velkomne med æra!

Så vart freistinga til slutt for stor. Blogg virkar spennande. Dessutan kan det vere nyttig, i og med at eg av og til har noko på hjartet. Så her er eg. På fjellhylla mi, og ser ut over verda. Akkurat no er eg rett nok på Island, sånn reint fysisk. Likevel trur eg bloggtittelen min kan forsvarast, sidan verdensbildet mitt utvikla seg på ei fjellhylle. Eg antar at det har gjort noko med meg. Forhåpentlegvis betyr det ikkje at eg ser ned på ting på ein ukoseleg måte, men heller at eg av og til ser ting litt på avstand, frå ein litt annan vinkel. Ikkje alt blir meir på avstand; nokre ting kjem kanskje nærmare når ein sit på ei fjellhylle. Naturen og roen, draumane og dei underlege tankane. I alle fall kan vi håpe på det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar