onsdag 30. mars 2011

Her bur eg!

Dette er gata der eg bur, Nunthorpe Grove.

I den nærmaste halvparten av dette vesle, typiske engelske huset bur eg og Mel. Vindauga oppe høyrer til rommet mitt og vindauga nede høyrer til stova.

Fine rommet mitt

Stova med mange fine og rare ting

Her er det fantastiske kjøkenet vårt. Det er det største rommet i huset og består av matlagingsområde, stort bord med benkar, sofa med katt, og flott utsikt til hagen med fiskedam, fontene, og Alle Duene (som fløy avsted mellom trærne).

Fine pyntekuler i taket:-)

Og sofaen er fin katteparkeringsplass, evt tedrikkingsarena

Her har vi då nabogata; Bed&Breakfast-muligheter på rekke og rad. Blant anna Heidi's B&B og Holmli (rett nok skrive som Holmlea).

Her er veien vidare ned mot butikken ein solfylt dag ei veke seinare.


Her ser vi ven vesle "landsbyen" min: Den lokale handlegata har to restaurantar, ein kafe, ein pub, tre bruktbutikkar, ein antivitetbutikk, tre takaway-sjapper, blomsterbutikk, frukthandlar, delikatessebutikk, sykkelbutikk, altmulegbutikk, to matbutikkar, frisør, skjønnhetspleie og mykje anna. På ca 100 meter. Vi snakkar søte små butikkar, med andre ord.

Fint, ikkje sant?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar