Fint, ikkje sant?
onsdag 30. mars 2011
Her bur eg!
Fint, ikkje sant?
tirsdag 29. mars 2011
York!
På høg tid å skrive eit slags reisebrev her frå York, etter at eg har vore her i over to og ein halv månad, og berre har ein og ein halv månad igjen... Her har skjedd litt av kvart på denne tida, så det får bli utvalde glimt som kjem med på blogg. Eg har endeleg bildebevis igjen; Inga Hild i klassa har vore så snill å låne vekk kameraet sitt, sidan mitt er øydelagt på ubestemt tid. Først no vert det generelle bildebevis frå York, den tradisjonelle turistrunda:
Bymuren som går rundt inste sentrum av York. Dette bildet er tekje for nokre få dagar sidan, rett etter at eg kom attende frå snartur heim til Noreg. Her i York er det vår på denne tida av året. Her har vore bært og stort sett sol sidan januar. Det er nesten heilt uverkeleg at snømengda heime på Fjellhylla snart nærmar seg same høgde som bymuren.
Det her er Micklegate Bar, altså Porten i Storgata. Dei gjorde seg bra føre i hine hårde dage, bygde skikkelege ting som tolte regn og vind, og heldigvis også sol.
Denne rare klumpen er Cliffords Tower, ein del av det tidlegare slottet, viss eg har skjønt det rett. I bakken rundt tårnet kryr det av påskeliljer. Eg har aldri sett så mange påskeliljer som i denne byen. Ville tilstandar. Eller sannsynlegvis planta. En eller gartnar har vore svært fan av daffodiller.
York Minster, den store katedralen, er vel den største turistattraksjonen i York. Den er iallfall den største bygningen i byen. I og med at alt er flatt her, ruvar den noko voldsomt, og tårnet er det høgaste punktet i mils omkrets. Minster'en var vel grunnen til at York ei stund var den viktigaste byen i England. Dette bildet er henta frå 2010-albumet mitt. Eg var her nemleg ein snartur i haust og, med mitt eige kamera, utan å få tid til å skrive blogg.
Her ser vi hovudinngongen til minsteren, med dei tilhøyrande turistane. Skjønna kvifor dei gidd.
Vi tok oss liksågodt ein tur oppi tårnet. Halvveis oppe måtte vi ut på taket og der var fotomulighetane nesten enda betre.
Dei hadde dekka opningane med netting for sikkerhets skuld, men heldigvis var det laga luker til fotografering. Gjer seg som ramme og. Ramme alvor?
Tenk å sjå ned på eit så høgt punkt. Og York som strekkjer seg ut i alle retningar, men framleis virkar koseleg og fin.
Ganske så smale trapper. I ei av døropningane var det ikkje meir enn 45 cm ca i breidda.
Merk pianoet og personen nedanfor vindauget. Ja, det er enormt digert!



Litt større enn Hye-kyrkja... I det heile tekje ei svært fin kyrkje, i ein svært fin by. Fleire bilder kjem, av huset eg bur i og skulevegen min og ymse ting vi gjer på her. Eg trivst godt. Og det er ikkje rart, når ein kan sjå syn som dette i mars:
Litt større enn Hye-kyrkja... I det heile tekje ei svært fin kyrkje, i ein svært fin by. Fleire bilder kjem, av huset eg bur i og skulevegen min og ymse ting vi gjer på her. Eg trivst godt. Og det er ikkje rart, når ein kan sjå syn som dette i mars:
Abonner på:
Innlegg (Atom)